18.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 6

(forklaringa på kva dette er finn du her)
Torsdag 20. juli 1978. Fauske - Bardu
Eg vakna tidleg. Besten og besto var alt vakne då eg vakna. Dei studerte reiseruta. Eg la meg til å lesa i Morgan Kane boka Torvald kjøpte i går. Då eg var ferdig med den, byrja eg å lesa Thomas Alva Edison. Den vart eg ikkje ferdig med. Då vi skulle eta, var det fyrst besten, besto, Arnstein og Kristine som åt. Etterpå åt eg og Torvald. Kjartan sov så lenge at han fekk bordet for seg sjølv. Vi reiste ei stund etter. men så å seia allerede før vi hadde begynt oppdaga far at ein bensinslange lak, og det vart ei ventning på ca. tre kvarter. Besten var ned i Fauske for å henta ny slange. Men me reiste då etter ei stund og då sat berre Torvald bak. Eg sette meg bak. Eg telde bilsortar. Vi skulle ta ferje frå Sommerset til Bonnåsjøen. Etterpå skulle vi over fjellet. Og då vi kom over fjellet, fylte vi bensin i Innhavet. Der handla også besto brød og andre ting, så no byrja vi sjå etter ledige rasteplassar. Vi fann då ein og der åt vi. Det var godt med mat. Då vi reiste igjen, sat Torvald og Arnstein bak. Vi skulle ta ei ferje til. Det var frå Bognes til Skarberget. Derifrå køyrde vi vidare. Forbi Sætran, over dei tre Efjordbruene. Tre store bruer. Sidan køyrde vi mot Narvik. Der var vi tenkt å sjå krigsmuseet, men det var vel stengt, klokka var kvart på sju. Vi køyrde forbi Nygård, Geisvik og Bjerkvik. Derfrå gjekk det over fjellet til Grastangen. Så over ein ny topp. Då vi kom til Fossbakken, køyrde vi i ein dal mellom Dryfjellet og Lifjellet. Frå Brandvoll tok vi vegen til Setermoen. Der skulle campingplassen vera. Det var ikkje sikkert me fekk plass sidan me kom så seint, men me fekk hytte nr. 3. Alle hyttene her hadde namn, og vår heitte Rokanborre. Vi fekk hytte nr. 3 på campingplassen, som var trestjerners. Kristine og Kjartan sprang med ein gong bort til leikeplassen, og etter ei stund følgde Arnstein og eg etter. Vi var der ei stund, så gjekk vi tilbake for å eta kveldsmat. I dag var det tomatsuppe som sto på menyen, eg åt ein tallerk med tomatsuppe og tre-fire skiver etterpå. Så spela eg og Torvald badminton, og sette ny ferierekord med 28. Ny ferierekord vart det også tilsaman på dei tre beste, 28, 20, 19 gav samla poengsum 68. Så ville ikkje Torvald meir, så vi spela boccia på verandaen. Det var sjovigt. Hvis kula vi kasta trilla utfor, var ho ute av spelet. Det var små opningar mellom plankane, så det var lett å få vekk andre sine kuler. Sidan skreiv vi postkort. Arnstein skreiv til Håvard, besten skreiv til Åsvald og Ingjerd, og Torvald og eg skreiv til Kjetil og Anders. Etterpå pussa vi tennene, gjekk på do og la oss.
Neste dag - fredag 21. juli 1978

2 kommentarer:

Anonym sa...

Håper det snart skjer noko her.

guffen sa...

hæ? her skjer det jo noko heile tida - to ferjer og tre bruer på ein og same dag!