31.1.06

DRØYMEFERIEN, DAG 19

(get it here)
Onsdag 2. august 1978. Leksand - Bomstad
Arnstein og eg vakna tidleg. Vi gjekk ut. Dei andre var og vakne. Vi åt. Etterpå gjekk Arnstein og eg ned og såg på dei som spela spel. Etterpå gjekk vi opp att. Arnstein og eg sat bak då vi reiste. Eg byrja å lesa om Marconi, men Arnstein ville ha boka. Eg byrja då å skriva her. Då vi kom til Borlänge, svinga vi mot Ludvika. Torvald var kartlesar. Han sa vi skulle køyra på vegen mot Ørebro heilt til vi kom til Kopparberg. Der skulle vi køyra mot Karlstad. Då vi var komne litt forbi Kopparberg, stogga vi. Besten måtte ha ein kvil. Eg tok ut badminton for at eg og Torvald og eg skulle prøva å slå det vi klarde i dag tidleg, 103+100+58=261. Men Arnstein skulle plent prøva dei nye ballane me hadde kjøpt, så då Torvald og eg hadde lagt inn igjen presenningen vart det slåsskamp om køllene. Den slutta raskt då eine kølla knakk. Vi reiste vidare. Forbi Hammarn, Persberg og Filipstad. Ei stund etter Filipstad stogga vi for å eta. Der bada vi litt også. Etter at vi hadde ete, køyrde vi til Brattfors. Der kjøpte vi is og fersken. Det var Torvald som ville ha fersken. Etterpå køyrde vi vidare. Vi kom til Karlstad. Derifrå var vi tenkt å kjøpe klistremerke, men fann ingen plass å stogga. Då vi kom ut frå Karlstad, køyrde vi inn på ein campingplass. Der var det ikkje hytter. Det var ein annan like ved, og der var det hytter. Det var ikkje ledige hytter. Då vi skulle ut att, svikta bensinpumpa. Då prøvde besten å fiksa det. Det gjekk ikkje. Han gjekk bort i informasjonen og sa kva som var i vegen. Då vart det til at vi skulle ha hytta til ho som tok pengar frå dei som skulle bada. Torvald, Arnstein og eg spela minigolf. Det var tolv hol. Eg vann, Arnstein kom på andre, og Torvald på tredje. Etterpå gjekk vi ned for å bada. Det var langgrunt. Eg var svolten, og gjekk opp til hytta for å eta. Det var betasuppe. Eg åt to porsjonar. Etterpå gjekk vi ned att i Vänern. Der var det tømmerstokkar. Vi leikte at dei var torpedoar. Vi hadde ein kvar. Vi skaut våre eigne mot dei andre sine. Då vi vart lei av det. Då gjekk vi opp att og la oss.
Neste dag - torsdag 3. august 1978

2 kommentarer:

Anonym sa...

"Då vart det til at vi skulle ha hytta til ho som tok pengar frå dei som skulle bada..."

Kvifor? Fekk de hytta hennar av di ho hadde take pengane dykkar då de bada?

guffen sa...

far min seier at ho hadde teke så mykje pengar frå dei som bada at ho kjøpte seg eit hus. me lånte hytta hennar.