kotelettjola vart som venta ein braksuksess, og i løpet av jola dukka det opp både nakkekotelettar og sojakotelettar. me har sett saman fire av dei mest framståande kotelettbrukarane i eit relativt symmetrisk kotelettgalleri, og dreg fram det gamle fjernsynsspørsmålet - kven skal ut her?
30.12.06
KOTELETTJOL
kotelettjola vart som venta ein braksuksess, og i løpet av jola dukka det opp både nakkekotelettar og sojakotelettar. me har sett saman fire av dei mest framståande kotelettbrukarane i eit relativt symmetrisk kotelettgalleri, og dreg fram det gamle fjernsynsspørsmålet - kven skal ut her?
JOLEGALLERI
jolenek. som vanleg tok ikkje jolefeiringa heilt av før besten tok på seg favorittsydvesten og spikra opp joleneket.
sirupsnippar. eg gjorde det eg kunne for å koma meg vekk frå bakeøkta, men gode råd var for dyre.
jolemiddag. på grunn av plassmangel og matmangel måtte nokre av deltakarane sitja på eige bord, der dei måtte nøya seg med fiskegrateng og rivne gulerøter.
jolesongar. ikkje alle fann like stor hugnad i jolesongsynginga, sjølv om dei fleste song med lengting og liv.
jolegåve. som venta fekk eg ikkje rare jolegåvene. denne togbanen var den einaste gåva av interesse, og retteleg interessant vart det fyrst då eg køyrde off-piste.
24.12.06
JOLEPOSTKASSE #7
ny adventssundag, ny adventsjolekasse. same reglar som før; same stilling som før:
jolepostkasse #2: 8000
jolepostkasse #1: -
jolepostkasse #3: -
jolepostkasse #4: -
jolepostkasse #5: -
jolepostkasse #6: -
21.12.06
JOLETRAFIKK
i morgon tidleg køyrer me til voss. foreldra mine har diverre ein altfor liten bil, slik at eg må leggja att nokre av presangane eg har fått. (dette gjeld stort sett presangar frå slekta på nordmøre, sidan resten av slekta møter trauste og mannsterke opp på voss.) eg har dandert desse presangane i og rundt soveromsvindauga til foreldra mine, og når me kjem attende til volda har eg ein del opning til gode. far min meiner at eg godt kunne gjort unna litt no, men det går rett og slett ikkje an å opna gåvene før jolekvelden.dei fleste er klar over at det er kotelettar som gjeld i år, og far min har skrapa saman nokre fjon. han reknar det som personleg rekord, men det luktar ikkje akkurat vm-uttak. så langt har han fått høyra at han liknar på ravi, aasmund olavsson vinje, og lars bjarne marøy.
20.12.06
LITTERATUR
trugne lesarar hugsar sikkert at eg i mai kåra boka komiske ku til favorittboka mi. forteljinga om komiske ku er framleis like gripande, det er alltid like spanande å sjå om ho kjem seg heim til kveldsmaten. sidan mange skal eta pinnakjøt i jola, kan det vera på sin plass å visa fram eit bilete av komiske ku - i farten er eg litt usikker på kva som gjer akkurat denne kua så komisk, men det kan henda at jurplasseringa er i det framfusaste laget.
18.12.06
NYTTÅR
då støvet hadde lagt seg etter dette ordskiftet, spurde ein av dei andre kva slags jolekalender eg har. eg anar ikkje kva det er for noko, sa eg, og dei andre ungane lo så mykje at badevakta måtte blinka med takljoset. ein av dei andre forklarde detaljert kva jolekalender er for noko, og eg sit igjen med ei kjensle av at foreldra mine let meg gå for lut og kaldt vatn. i alle fall far min - mor mi er, til liks med alle andre framståande gravide, framleis oppteken med å herpa så mykje som råd, og ho har den siste månaden gått effektivt til verks. fyrst punkterte ho to av dei beste dekka på bilen. deretter prøvde ho ut om det verkeleg er sant at vaskemaskindøra ikkje kan opnast før nokre minutt etter at vaskinga er ferdig, noko som viste seg å vera korrekt. i dag herpa ho like godt heile garasjedøra til husvertane. flaks for alle andre at det er far min som har ansvar for jolegåveinnkjøpinga.
17.12.06
JOLEPOSTKASSE #6
eg veit at eg ofte har brukt omgrepet "retteleg godbit" om postkassekandidatar, men sjeldan har eit slikt omgrep passa betre enn i dag. eigarane av denne jolepostkassa har truleg avfotografert sitt eige jolehus, og i adventstida klistrar dei dette biletet opp på postkassa, slik at postmannen vert i godlune kvar gong han syklar forbi.
kampen om å vinna kåringa av jolepostkassa er framleis jamn, og me minner om at fristen for å røysta ikkje går ut før om mange dagar. maks 10000 poeng, minimum 1 poeng, og vinnar er den jolepostkassa med høgast snittskår.
stillinga så langt:
postkasse #2: 8000
postkasse #1: -
postkasse #3: -
postkasse #4: -
postkasse #5: -
15.12.06
SYLVGUTANE
på programmet stod alle jolesviskene som finst, gjerne med svensktopp-inspirerte solistar. sjeldan har innsats, tekst og songtittel passa betre saman enn då dirigenten song solonummeret "himmel og hav". etter konserten fekk dei ståande applaus, og eg reknar med at avisene vert fulle av lovord dei neste dagane.
12.12.06
BARNEHAGE
volda kommune bruker ein litt uvanleg definisjon på omgrepet full dekning. der andre kommunar bruker omgrepet når dei meiner at alle born får plass i barnehage, bruker volda kommune dette omgrepet når det er fullt i alle barnehagane som finst. i går fekk eg melding om at alt dei kan by på er ein deltidsplass (80%) i sollia barnehage, ein barnehage der alle må ha same frisyre som jan gunnar solli. eg er berre velkomen fire dagar i veka, og sidan foreldra mine som vanleg prioriterer arbeid framfor alt anna, må eg vel gå til frisøren den femte dagen i kvar veke.
10.12.06
JOL
i går kveld feira me jol på nordmøre. etter at alle mjølkekyrne hadde fått ein ekstra sveip med mjølkemaskina, slik skikken er på jolekvelden, samla me oss rundt bordet. besten sette seg ved pianoet, og trylla fram den eine smektande jolemelodien etter den andre. ikkje eitt auge var vått. deretter var det talar og songar og helsingar og telegram. etter middagen vart det servert dessert, før kvelden vart avslutta med favorittfilmen til onkel A, elf. heller ikkje denne gongen orka nokon å sjå filmen heilt til slutt, så me veit framleis ikkje kva som skjer, men det fyrste kvarteret kan trygt tilrådast. god jol.
SYNFARING
i helga var me altså ein snartur til nordmøre, for å feira jol, og for å vera med på ei viktig synfaring. besten og besto skal byggja seg ny villa til sommaren, og hadde invitert kjennarar frå fjern og nær til ei synfaring på tomta. villaen vert truleg i santa fe-stil, med ein poppel-allé frå riksvegen og opp. det vert eit stykke å gå opp frå vegen, men dei har alt fått på plass det største boblebadet i møre og romsdal, slik ein kan sjå til høgre på biletet, og dei som treng det kan ta ein pust i bakken der.på biletet ser me besten i intens drøfting med leiaren i fylkeslaget for landskapsarkitektar. landskapsarkitekten argumenterer intenst for at besten bør byggja huset inne i landskapet til høgre, men besten er ikkje så lettlurt, og vil heller bu slik at han lett kan sjå korleis den nye bonden ligg an med forhaustinga.
JOLEPOSTKASSE #5

det er råd å røysta på samtlege jolepostkasser heilt fram til fristen er ute, og det skal relativt lite til før stillinga vert endra. akkurat no er stillinga denne:
jolepostkasse 2: 8000
jolepostkasse 1: -
jolepostkasse 3: -
jolepostkasse 4: -
6.12.06
JOLEKVELD
dagane på nordmøre går etter planan i den vanlege tralten. far min og onkel A dreg til skogs så snart det vert dag, medan besten sit inne og bannar av di dei ikkje vert med på vedkappinga. mor mi har fast plass i sofaen, der ho, tante B, og besto les gamle nummer av familien etter samlebandsprinsippet. eg og han med e ligg oftast på golvet og kosar oss med nokre årgangsleiker.
4.12.06
SPRINKELANLEGG
i ein kommentar til denne meldinga lurer syver på kva ein sprinkelvernar er, og kva eller kven som vert verna mot kva eller kven når denne vernaren vert brukt. foreldra mine er ikkje dei mest utprega vernarane i gamlevegen, men biletet over viser kva sprinkelvernar dei nyttar i senga mi. patenten er relativt enkel. du bakar seks smultringar (to grøne, to gule og to blåe), fordeler dei på to stablar, og plasserer to av sengeføtene i desse stablane. då vert senga meir som ein liten bakke, slik at om morgonen ligg eg og dyna og puta og resten av ekstrautstyret i ein krull i botnen av bakken. dyna og puta og ekstrautstyret vernar altså meg mot sprinklane, og sprinklane mot meg.
dersom du ikkje har smultringar for handa, vert det verre. du kan sjølvsagt bruka årsgamle sirupsnippar, men treng då truleg nærare femten i kvar stabel for å få rette vinkelen på bakken.
3.12.06
JOLEPOSTKASSE #4
jolepostkassekåringa held fram med ein retteleg godbit, slik det høver seg på fjerde sundag i advent. interessa for kåringa er litt dabbande, men det er vel berre naturleg. dei fleste har hatt jolepynt hengande i nokre veker alt, slik at mykje av fritida vert brukt til ettersyn og vedlikehald av stjerner og månar.
me har ikkje sett nokon grunn til å endra reglane, så dei er omtrent som før: de kan gje kvar postkasse poeng mellom 10000 (god jol) og 1 (dårleg jol). kassa med høgast snitt ligg best an. stillinga så langt:
postkasse 2: 8000
postkasse 1: -
potkassse 3: -
2.12.06
JOLEFØREBUINGAR
biletet over, som er frå den årlege joleverkstaden på skaugum, viser tydeleg at me er på veg inn i ein krevjande del av året. sjølv har eg avbegrensa jolerøynsle, men eg ser likevel ein del trekk med joleførebuingane som gjer meg skeptisk til heile greia.for det fyrste er det fyrst denne helga at folk dreg i gang jolepyntinga i hus og heim. eg har fått med meg at jola stort sett handlar om tradisjon, men når det no er vedteke at talet på adventssundagar er auka frå fire til sju, burde ikkje folk vera så opphengde i gamle dagar og halda fram som om ingenting hadde skjedd. dei einaste som har fått med seg at adventstida er utvida er dei som tek til med jolebaksten midt i november.
for det andre sender alle småbarnsfamiliar identiske jolekort. far min er friteken, både frå å skriva og å få jolekort, men mor mi er relativt aktiv på dette feltet. ho går rett nok i underskot kvart år, men det gjer visst alle andre òg. i alle fall - der ho for ti år sidan fekk eit jolekort som handla om jolekortskrivaren, får ho no eit masseprodusert kort, med bilete av ein eller fleire pre-pubertelle ungar som har kledd av seg alle kleda bortsett frå ei nissehue, og som ligg og vrir seg på eit saueskinn. på baksida står det at han eine ungen har lært å gå, han andre har lært å sykla, medan han tredje, som ikkje har lært nokon ting, satsar på eit liv som solstråle. til slutt kjem spørsmålet "hvordan går det med studiene? bor du fortsatt i oslo?"
for det tredje er det desse joleverkstadene. eg trudde fyrst at det handla om verkstad der ein kunne reparera ulike joler, men det handlar i staden om verkstader der ein førebur jol. også her skal det vera nett likt året før, og her er eg diverre nøydd til å hengja ut mor mi litegrann: sjølv om dei andre verkstaddeltakarane ikkje kjem rekande før langt ut på ettermiddagen, set mor mi på jule-cden til dde (no e dde jul igjen) alt før frukost. deretter fyller ho mange fat med valnøter, dadlar og fiken uten steinar, lagar ein bananmousse, og serverer det heile med helsefarlege mengder kakao. kva har dette med jol å gjera?
1.12.06
RAPPORT
det viktigaste som har skjedd denne veka er at mor mi har fått svangerskapsdiabetes. det fører berre med seg at ho fram til termin (23. mars) må ignorera smågodthyllene på samvirkelaget, og at ho må redusera inntaket av appelsinjuice til maks 1 liter dagleg. for ho er det altså ikkje den heilt store krisa, det er verre for alle som misser arbeidet på smågodtfabrikkane rundt omkring.
med meg går det som før. det eg irriterer meg mest over denne veka er at alpinisten aksel lund svindal og fotballspelaren tommy svindal larsen på liv og død skal ha svindal plassert på ulike stader i namnet sitt. det hadde vore mykje enklare om begge hadde svindal til mellomnamn, til dømes.
med far min er det lite nytt, bortsett frå at han fekk flis i fingeren då han henta ved i går.
29.11.06
OSLO 6
OSLO 5
28.11.06
OSLO 4
27.11.06
BADING
OSLO 3
26.11.06
JOLEPOSTKASSE #3
no tenner me det tredje ljos,det står så fint og skin.det hadde ikkje gått så brautan ein skvett bensin.
jolepostkasse 2: 8000
jolepostkasse 1: -
det er ikkje spesielt flaut å gje poeng til jolepostkasse me tidlegare har presentert, og det er ikkje for seint å påverka det endelege resultat.
OSLO 2
24.11.06
OSLO 1
me skal vera i oslo til onsdag morgon. på dei fire døgra skal me vitja mellom tjue og tjuefem kviger som mor mi kjenner. nokre av dei snakkar ho med ein gong i veka, nokre snakkar ho med ein gong i månaden, nokre snakkar ho med ein gong i året, og nokre har ho ikkje snakka med sidan barneskulen. me skal bu hjå onkel J. det gler eg meg til - sist eg budde der spydde eg ein skvett så fort eg fekk sjansen, og det fekk eg stort sett heile tida. eg går ut frå at den ordninga framleis gjeld, så det ligg an til nokre drøymedagar. me kan ferie.
oslo2 oslo3 oslo4 oslo5
23.11.06
LOKALNYTT 2
Har du ei lokal melding du vil dela med fleire? Ta kontakt. Meir lokalnytt her.
21.11.06
19.11.06
JOLEPOSTKASSE #2
ny adventssundag, ny jolepostkasse. responsen sist veke var omtrent som venta, og me reknar med at interessa er like stor no. skalaen går framleis frå 10000 til 1, der høgast poengsum er mest jol.
18.11.06
JOLEGÅVER
det er vel fare for at ingen tek omsyn til ynskja mine, og eg reknar med at eg i staden får dette: frå besten på voss får eg ei sveipa øskje, frå besto på voss får eg eitt plastdyr med teksten 3+, frå onkel T får eg ei fotballrelatert bok, frå far min får eg ingenting, frå mor mi får eg mykje drit som eg ikkje treng, frå familien onkel A får eg noko frå eit u-land, frå familien tante K får eg ei leike som går tom for batteri fyrste joledag, frå familien onkel K får eg ei bokpakke frå samlaget, frå besten på nordmøre får eg ein plast-traktor, frå besto på nordmøre får eg nokre heimestrikka labbar, frå familien onkel J får eg eit fotoalbum med hundre tusen millionar bilete, frå familien tante B får eg ein fint brukt speidaruniform (og ein del kremar frå vermor til tante B), frå tante I får eg ei dyrebok, og frå frode får eg eit sjeldan opptak med ein spelemann frå selland. så det ser ut som om eg går i underskot i år igjen. avisene melder at kvar nordmann får jolegåver for rundt 2700 kroner, og gåvene eg har ramsa opp her kan då ikkje vera verd meir enn nokre hundrelappar.
15.11.06
BINGO
LOKALNYTT 1
Hund i varm bil
Fredag vart det meldt om at ein hund var inne i en låst bil i Volda. Hunden var plaga av varmen, men eigaren kom til etter ein times tid, og hunden fekk kjøle seg. Dermed vart det ikkje gjort meir med dette.
fernando torres inga feiring kranen snøballkrig porscheklubben sjåførbrillene fallskjermulukke
12.11.06
JOLEPOSTKASSE #1
sidan den travle adventssesongen offisielt opnar i dag, på fyrste sundag i advent, tek me ein ørliten pause i kåringa av noregs nasjonalpostkasse. det ville vera direkte ufint og respektlaust å halda på med noko slikt på dei sju adventssundagane. me nyttar heller sjansen til å kåra noregs jolepostkasse.det enklaste er nok at reglane i denne kåringa er omtrent som i nasjonalpostkassekåringa. postkassene kan få maks 10000 poeng; minimum 1 poeng, og postkassa med det høgste snittet ligg best an.
det er sjølvsagt framleis fullt mogleg å røysta i nasjonalpostkassekåringa.
jolepostkasse#2 jolepostkasse#3 jolepostkasse#4 jolepostkasse#5 jolepostkasse#6
ADVENT
me har altfor lett for å sjå det som omgjev oss som permanent, men slik er det ikkje. landegrenser endrar seg, motar endrar seg, straumprisar endrar seg - det einaste som ikkje endrar seg er grandiosa-pizzaen. svært få veit at også adventstida har endra seg.dei siste tjue åra har adventsstakane hatt fire ljos, men slik har det ikkje alltid vore. då henrik wergeland fann opp jolefeiringa rundt 1830, meinte han at det kunne vera nok med jolefeiring kvart tjuande år, og at tida mellom kvar jol skulle kallast advent. dette var sjølvsagt hovudgrunnen til at han skreiv salmen "nu tændes tusen julelys". (ein mindre viktig grunn var at henrik ibsen nyleg hadde publisert det altfor lange diktet om terje vigen, og wergeland ville ta tilbake hegemoniet i dikt-sjangren "altfor, altfor lange dikt".) slik vart joleskikken verande lenge. det vil føra for langt å peika på alle endringane her, men viktige stikkord er dansen cha-cha-cha; dei to fyrste singlane til elvis; innføringa av moms; og dei mange trykkfeila på dåpsattesten til toppen bech.
dei siste åra har fleire og fleire gått vekk frå adventsstakar med fire ljos, og i staden satsa på stakar med sju ljos. i dag er det difor fyrste sundag i advent - hurra.
11.11.06
VEKSLEPENGAR
1. alle varer skal førast slapt forbi ei laserstråle som skumles strekkoden. høyrer du eit pip, er alt som det skal.
2. har ein kunde ei frukt eller ei grønsak du ikkje veit kva heiter, spelar du rutinert, legg frukta eller grønsaka på vekta, og slår inn den firesifra koden for sellerirot. dersom kunden ikkje reagerer på dette, går du vidare til neste vare. dersom kunden reagerer, er det oftast med ei melding av typen "det er ikkje sellerirot, det er appelsin". deretter finn du koden for appelsin, og alt går greitt.
3. alle kundar skal spørjast om dei har medlemskort.
4. det enklaste er at kunden betalar med kort. dersom dei betalar med pengar er det greiast at dei betalar akkurat den summen dei skal betala. dersom dei på liv og død berre betalar med setlar, skal du spørja om dei har myntar tilsvarande summen over nærmaste runde sum. (viss summen er 399,50, og kunden betalar med fire hundrelappar, skal du altså spørja "du har ikkje 99 kroner og femti øre i smått?".) viktigaste grunnen til dette er at du, når arbeidsdagen er over, skal telja opp kor mykje du har i kassa, og då bruker du meir tid dersom du berre har myntar.
5. du må rekna med at gamle damer vert like overraska kvar gong dei passerer kassa, slik at dei ikkje har pengane klare før nokre minutt etter at du har sagt kor mykje du skal betala. vanlegvis gjeld ikkje punkt 4 for gamle damer, men dersom mange folk står i kø, kan du ta i bruk punkt 4 likevel, slik at dei gamle damene kan pakka ned att portemoneen med setlar, og i staden opna ei heilt anna veske, der dei har ein liten pung med litt for få myntar i, slik at dei må henta fram att portemoneen dei hadde framme for litt sidan.
8.11.06
FLATKLEMT
eg minner forresten om at gamlevegen filmklubb denne veka viser filmen the truman show. møt opp kvar og ein.
BADING
ein gong i veka er eg på noko som av ein eller annan grunn vert kalla babysymjing. me som er med er ein fem-seks dritungar, to gutar i ti-årsalderen, ein del foreldre, og ei badevakt. badevakta er der truleg for å redda liv, men så langt er den einaste nær døden-opplevinga den gongen badevakta heldt på å kjeda seg i hel.det heiter altså babysymjing, men symjing er det veldig lite av. det heile handlar om at far min eller mor mi held hovudet mitt over vatnet, samstundes som dei utfører ein av desse øvingane:
* dei lyfter meg opp og ned or vatnet. dersom det er mor mi som lyfter, vert øvinga akkompagnert av nokre rop eg trur skal verka oppkvikkande.
* dei plasserer meg på bassengkanten, og jublar som nokre spaserstokkar kvar gong eg kastar meg uti vatnet.
* dei tel til tre, før dei dukkar meg under vatnet. grunnen til dette er truleg at dei meiner eg bør trena meg opp i å drikka bassengvatn.
* dei kastar nokre plastleiker mot andre enden av bassenget, før dei ber meg dit, slik at eg kan plukka dei opp. denne øvinga slit eg med - dersom poenget var at eg skulle plukka opp plastleikene, kunne eg ikkje fått dei med ein gong?
* dei kikar bort på dei to tiåringane som bruker halve bassenget på ulike variantar av vasspolo, og bruker nokre ord eg ikkje er heilt sikker på korleis vert stava.
så det heile er eit slit, og det gjer ikkje akkurat situasjonen betre at vatnet held rundt førti grader. men det kunne likevel vore verre - nokre av dei andre ungane vert monterte inn i ein badering. der sit dei fastlimte gjennom heile økta, medan mor deira kranglar med andre mødrer med fastlimte ungar om kven som har dei mest velskapte og vellukka ungane. foreldra mine skjønar at i ei slik ordveksling har dei lite å stilla opp, slik at eg slepp til alt hell dette.
6.11.06
TILSPISSING
eg har ei kjensle av at far min bør få opp farten og koma i gang med kinnskjeggsparinga. dei siste dagane har både onkel T og onkel A meldt at dei er godt i gang; og det er òg grunn til å rekna med at onkel K spekulerer på noko uventa. biletet over viser at til og med onkel NR har fått til ein imponerande busk ved næraste øyre, så alt tyder på at det spissar seg til.
5.11.06
FRAMGANG
endeleg er west ham i gang for alvor. klubben har slite litt med å reisa seg etter at dei vart frådømt sigeren i fa-cupen i vår, men har no teke to strake sigrar, rett nok mot relativt veik motstand. i dag slo dei arsenal, ein gjeng med sytande humlepungar frå nord-london, 1-0, etter nok ein fulltreffar av 46 år gamle teddy sheringham. det luktar meisterliga lang veg.
POSTKASSE #12
eg og mor mi låg i telt på finnskogen denne helga, så no passar det retteleg godt med ein nasjonalpostkassekandidat med eit skogleg motiv. dei som vil røysta bør gjera det før fristen går ut, og elles fylgja reglane slik dei til minste detalj er presenterte her.stillinga så langt ser slik ut, men me minner om at det ikkje er for seint å røysta på eldre kandidatar:
postkasse #10: 10000
postkasse #3: 5009,5
postkasse #6: 4907,3
postkasse #1: 4906,2
postkasse #9: 3836,3
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #8: 667,5
postkasse #4: 17
postkasse #11: 3
det er kome inn 5643 poneg, 34 peong, og, under tvil, 10 piong.
31.10.06
FLYTTEMELDING
for foreldra mine er dette dårleg nytt. begge to røystar på andre parti (far min røystar demokratane; mor mi røystar på postkasser), slik at kvar gong dei får folk på vitjing, eller kvar dei begge er til stades når dei møter folk heime eller ute, er det ein framstegspartiveljar til stades. slik går det jo ikkje an å leva, så no har dei funne ut at dei skal flytta snarast råd. bakdelen er at dei ikkje veit kvar dei skal flytta, men det er fare for at dei pakkar sekken og dreg til den fyrste staden dei kjem på. slik sett er det jo glimrande at mor mi er i vik i sogn denne veka.
29.10.06
POSTKASSE #11
med all gratisreklamen postkasse#10 fekk, er det ikkje uventa at ho tok teten i kåringa av noregs nasjonalpostkasse. likevel er det på sin plass å peika på at ingenting er avgjort. den fyrste nye konkurrenten er denne godbiten.reglane er som før, opp ei trapp og ned ei dør, og absolutt alle som har tilgang til internett kan vera med. stillinga så langt:
postkasse #10: 10000
postkasse #6: 7356
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #9: 3836,3
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #8: 667,5
postkasse #4: 17
i tillegg har desse ti postkassene skrapa saman 5643 poneg, og 34 peong.
28.10.06
SYNKRONISERING
på grunn av alt dette vart forresten filmklubb-programmet på torsdag endra. mor mi skulle henta filmen pretty in pink på postkontoret, men møtte opp ein time for tidleg. me såg i staden nokre seinfeld-episodar, og reknar med at pretty in pink vert vist ved eit anna høve.
26.10.06
PÅMINNING
forresten fekk mor mi ein svær sjokolade under innsamlingsaksjonen på sundag. ho vurderte ei stund å levera han i banken saman med pengane, slik at oppteljarane kunne ha litt for strevet, men fann ut at det var meir høveleg at ho åt han opp sjølv.
og endeleg er optimismen på veg attende - tysdag kveld skåra west ham for fyrste gong på ni kampar. johoo!
24.10.06
POSTKASSE #10B


Informanten, som nyttar eit kongeleg "vi", skriv:
"På dei nye bileta vil juryen kunne sjå at postkassa også har ekstrautstyr, ein såkalla postvarslar. Ved å hengje postvarslaren på postkassa gjer du postkvinna merksam på at det ligg utgåande post i kassa, slik at ho stikk handa ned i postkassa og tek med seg utgåande post. Den utgåande posten må då vera ferdig frankert, elles må du stå ved postkasse nr. 10 når postkvinna kjem. I så fall treng du ikkje hengje opp postvarslaren.
Vi kan også legge til at postvarslaren har signaturen til bestefaren. Vidare legg vi til at nett denne postkassa har take i mot den samla produksjonen av norsk lyrikk i perioden 1960 - 1987. Denne samlinga kan ein få sjå ved å koma på besøk, gjerne i siloslåtten. Ta med gummistøvlar. Postkassa har også take i mot prøveeksemplar av mykje av den norske prosaen frå same periode. Brorparten av desse bøkene har ein av dei noverande postkasseeigarane brent på røysa.
Postkassa har også take i mot brev frå Olav H. Hauge og snart 40 årgangar av avisa Valdres.
Dette er altså ikkje ei kva-som-helst postkasse, men ei postkasse med stil, nasjonal utbreiing, innhald og unik historie."
Etter dette skulle røystinga gå enklare, men hugs at denne må gjerast etter meldinga der postkassa vart presentert, og ikkje akkurat her.
23.10.06
VITJING
21.10.06
POSTKASSE #10
den usannsynleg populære kåringa av noregs nasjonalpostkasse held fram, denne gongen med eit foto ein av guffeblogbrukarane har sendt inn. biletet er uventa godt komponert.reglane er stort sett uendra sidan kåringa tok til. skalaen går frå 10000 poeng (midt i blinken) til 1 poeng (ikkje midt i blinken). kvar og ein kan røysta på same postkasse maks tre gonger, og i slike tilfelle må poengsummane vera større eller mindre eller like store. dei som røyster anonymt kan eigentleg gjera som dei vil; dei som røyster under falskt namn bør skamma seg. dersom nokon kjenner seg i kjempeform, kan dei i tillegg gje postkassene poneg, poegn, peogn, osb.
sidan sist har, ikkje uventa, postkasse #6 styrka leiinga si. stillinga ser slik ut:
postkasse #6: 7356
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #9: 3836,3
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #8: 667,5
postkasse #4: 17
det har òg kome inn 5343 poneg, og 34 peong.
ny postkasse neste veke, ver sikker.
20.10.06
KOTELETTAR
dei som truleg ikkje får kotelettar same kor mykje dei sparar, og som difor må bruka mascara-trikset onkel A introduserte med vekslande hell under bartejola for to år sidan:
albert, anna sofie, far min, johannes, jostein og meg sjølv
dei som truleg burde ha teke til med sparinga for eit halvt år sidan:
besto, mor mi, tante k, tante k og tante m
dei som truleg bør starta sparinga i dag:
matias og onkel k
dei som truleg bør starta sparinga ein månad før jol:
onkel a og onkel nr
dei som truleg kan starta sparinga ei veke før jol:
onkel t
dei som truleg kan starta sparinga dagen før:
besten
19.10.06
SVERIGE
ut av dette er det greitt å lesa ein vesentleg skilnad mellom svenskar og nordmenn - svenskane tenkjer berre på pengar, medan nordmenn er livredde for å missa jobbane sine.
17.10.06
INNSAMLING
den viktigaste grunnen til at me melde oss, er at pengane denne gongen går til eit godt føremål. tidlegare år har det, som alle veit, vore samla inn pengar til litt meir tvilsame føretak, som heimlause husdyr, folkeaksjonen for større sykkelhjul, landslaget for spelemenn, eller vestmannalaget. denne gongen skal derimot pengane gå til organisasjonen legar mot grenser. med i den organisasjonen er fire-fem dokterar som arbeider for å fjerna alle grenser, sidan det ville fjerna problema med a) smuglarsprit, b) passkontroll, og c) amerikanske invasjonar i land som ikkje har masseøydeleggjande våpen likevel. einaste negative med arbeidsfeltet deira er at dersom dei vann fram, ville taxen forsvinna.
så mor mi og eg står klare sundag, med fleire bøsser i kvar hand. me fekk òg ei grei forklaring på kvifor dei legg innsamlingsaksjonen til nett det tidsrommet då skattelistene ligg framme - me har fått med utskrift av likninga for alle heimane me skal vitja, slik at me kan passa på at alle gjev prosentvis like mykje.
(dette er forresten melding nummer 300 på guffebloggen - tida går. så langt har det kome 344 innspel, altså litt over snittet.)
15.10.06
POSTKASSE #9
det er dags for ei ny postkasse, og no når det stundar mot haust kan det vel passa med ei postkasse der eit insekt har bunde seg ein blomekrans. reglane i tevlinga er som før. det handlar om å kåra noregs nasjonalpostkasse, og det gjer ein enklast ved å gje postkassene poeng - 10000 for postkasser som for all ettertid kan representera noreg i internasjonale nasjonalpostkassetevlingar, og 1 poeng for postkasser som bør halda seg heime. alle som har tilgang til internett kan røysta, men kvar person kan berre gje poeng til ei og same postkasse maksimalt tre gonger. ved slike høve må poengsummane vera større enn hypotenusen. dei som røyster anonymt kan berre røysta to gonger på same kasse. dei som røyster under falskt namn kan gjera nett som dei vil. dersom nokon vil gje poeng til postkasser som vart presentert for lenge sidan, er det ingenting i vegen for det. i det siste har det òg vorte vanleg å gje poneg til postkassene, utan at eg anar kva som er poenget med det.
stillinga er så langt slik:
postkasse #6: 6012postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #8: 888
postkasse #4: 17
det er så langt meldt inn 5343 poneg.
14.10.06
12.10.06
FILMKLUBB
alle filmane vert viste på småskjerm i gamlevegen, torsdagar klokka ni. programmet denne hausten er sett saman av filmar tante I kjøpte på free record shop i københavn. velkomne kvar og ein.
11. oktober: orkidé-tyven (adaption); spike jonze 2003
18. oktober: ingen film, sidan mor mi er i høyanger og eg er på nordmøre
25. oktober: pretty in pink; howard deutch, 1986
2. november: ingen film, sidan mor mi er på voss og eg er på voss
9. november: the truman show; peter weir 1998
16. november: fuglane (zywot mateusza); withold leszcynski 1968
23. november: this is spinal tap; rob reiner 1984
30. november: the rutles; gary weis & eric idle 1978
7. desember: mifunes siste sang; søren kragh-jakobsen 1999
14. desember: malcolm x; spike lee 1992
21. desember: a place in the sun; george stevens 1951
programmet kan på kort varsel endrast, slik at det i staden vert vist ein eller annan film av coen-brørne, ein marx brothers-klassikar, eller nokre episodar av the office eller seinfeld.
PROBLEM
11.10.06
KØBENHAVN
det er vanskeleg å omtala turen til københavn utan å nytta ordet braksuksess. frå start til mål var det ein tur som viste at foreldra mine er nokre kløpparar til å koma på meiningsfulle aktivitetar, slik at det nesten vart i meste laget. her er nokre høgdepunkt.* kvar dag tok me ein kikk på den lille havfrue
* husværet me budde i hadde ein jamn og fin romtemperatur rundt 25 grader.
* det var svært gode dvd-tilbod på free record shop øvst i gågata.
* toga i danmark går alltid dit dei skal.
* eg fekk godt med mat.
* stefar til tante M inviterte oss med på magedans.
* mor mi og tante I handla i dagevis utan å kjøpa noko.
* på louisiana har dei fjerna to av fløyane.
* på biblioteket såg me ein del stolne bøker.
SJOKOLADE
POSTKASSE #8
grunna ekspedisjonen til københavn vart det ikkje lagt ut noko ny nasjonalpostkassekandidat denne sundagen, men no er endeleg ei ny postkasse klar. denne er, slik det framgår av klistremerka og dei interessante namna, trygt plassert i københavn.det har kome inn mange stemmer sidan sist, også på postkasser som har vore presenterte tidlegare. stillinga har difor endra seg, men mykje kan framleis henda i denne ekstremt spanande tevlinga.
reglane skulle vera kjende, men kortversjonen er at alle nettbrukarar i heile verda har høve til å røysta på postkassene. skalaen går frå 1 poeng (ueigna til å vera nasjonalpostkasse) til 10 000 poeng (heller godt eigna til dette oppdraget). kvar og ein kan berre gje poeng til ei og same kasse tre gonger, men røystetale må då vera sirkulære. dei som røyster anonymt kan berre røysta på same kasse to gonger.
stillinga så langt:
postkasse #6: 6012
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #5: 2882
postkasse #2: 2028,3
postkasse #7: 1100
postkasse #4: 17
nokre brukarar har oppmoda meg om å laga ein ponegoversikt, og det kan eg godt gjera. så langt har postkassene skrapa saman 1876 poneg.
5.10.06
MERKESTEIN #2
for fyrste gong i livet søler eg vin.
2.10.06
KØBENHAVN
no reiser eg og mor mi og far min på haustferie til københavn. for at eg skal vera budd på kva som møter meg der, har far min dei siste dagane lese diktet om gåsa og katten og hanen opptil fleire gonger kvar dag. diktet grip meg ikkje noko særleg, så for å ha noko å gjera medan far min etter beste evne dramatiserer hendingane i diktet, moroar eg med å stabla hovudpersonane i diktet oppå kvarandre. tante I vert med på turen, slik at me reknar med at det vert nippa endå meir vin enn vanleg. i tillegg er ho like glad som mor mi i å gå og gå i butikkar utan å kjøpa noko, så det er fare for at far min og eg, som begge er så til dei grader kulturinteresserte, har valet mellom å gå på glyptoteket åleine eller å sitja i husveret og sjå fjernsynsprogram om pølser i svøb.
viss nokon vil ha noko i taxen, kan dei berre melda frå.
1.10.06
POSTKASSE #7
nokon vil sikkert hevda at interessa for kåringa av nasjonalpostkasse dabbar av. så langt har me ikkje registrert godkjende røyster på postkasse #6, men det skuldast heilt sikkert haustferien og liknande påfunn, så kåringa held fram, med omtrent same glød og entusiasme som i gamle dagar.eg var ein snartur hjå besten og besto for ei veke sidan. dei er trugne lesarar av meldingsbladet til postvesenet, og sidan det bladet hadde ein dominerande plass i fjernsynskroken, merka eg meg at dei hadde kåra den flottaste postkassa i landet. å vera flott er sjølvsagt ikkje det same som å vera nasjonal, så me tek med vinnarepostkassa deira, for å sjå om ho har noko å fara med i nasjonalpostkassekåringa. sidan biletet er lånt frå nettsida til posten, har det sjølvsagt ikkje same kvalitet som dei andre bileta i tevlinga, men motivet skulle koma greitt fram likevel.
reglane er som før: du gjev postkassene poeng mellom 10000 (ideell som nasjonalpostkasse) og 1 (uaktuell som nasjonalpostkasse). same person kan røysta maks tre gonger på ei og same kasse, og i slike tilfelle må røystetala gå opp i opp. usle feigingar som ikkje torer å vedkjenna seg handlingane sine kan røysta anonymt, men kan då berre røysta to gonger på same kasse. fristen for å røysta på tidlegare presenterte postkasser har ikkje gått ut, så det er framleis råd å påverka stillinga.
stillinga så langt:
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #5: 4318
postkasse #2: 2028,3
postkasse #4: 17
postkasse #6: -
30.9.06
MERKESTEIN #1
merkestein #1: i dag greidde eg for fyrste gong å køyra ein finger gjennom ei skive agurk.
merkestein#2 merkestein#3
29.9.06
HÅR
mor mi meiner at hår er ein uting, og ser helst at eg klipper meg kvar fjortande dag. far min, derimot, er klinkande klar på at håret skal veksa fritt over heile kroppen. unntaket er at han går med på at eg av og til kan stussa panneluggen, sidan det er litt upraktisk at utsikta vert hindra av feitt hår. så langt har far min fått siste ordet. eg har difor fått nokre ekle krøller i nakken, som gjer at dei andre ungane på babysymjinga ler av meg, og spør om eg skal på audition til ei av jenterollene i "huset på prærien". eg svarar nei, og då ler dei merkeleg nok endå meir.
det eg treng no er gode argument til neste krølle-debatt med far min.
27.9.06
BLINK
no har far min vore ute og sprella med termosen igjen. han har omsider funne ut kvar målet står, og såvidt eg kunne sjå tok det berre to-tre sekund før han hadde blinken i sikte og fyrte laus. og ikkje nok med at han trefte den blinken - termin er fastsett til 24. mars, same dag besten fyller 65 år. sidan det alt er klart at det vert ein gut, er det vel ikkje anna råd enn å kalla han opp etter besten, slik at han får namnet jon.
26.9.06
JON
folkemusikkansvarleg på guffebloggen, frode, fekk saman med kona si ein liten gut i natt. han er oppattkalla etter bestefaren og den beste oksen til naboen, og skal heita jon ølrich. i det daglege vert dette litt tungt, så til vanleg vert han nok kalla noko meir frilynt, truleg per sjuspring. lukke til, og til lukke.
25.9.06
POSTKASSE #6
dei to siste vekene har me presentert postkasser med motiv frå to av dei tre primærnæringane. meininga var å finna ei postkasse med motiv frå den tredje primærnæringa, men det har ikkje vore råd å finna eit slikt. me tek i staden med ei postkasse frå eit av dei mange store og småe verksemdene som arbeider med denne næringa.stem i veg - reglane er som før. og hugs at det er råd å røysta på gamle postkasser, slik at det slettes ikkje er for seint å påverka resultatet.
stillinga så langt:
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #5: 4318
postkasse #2: 2028,3
postkasse #4: 17
18.9.06
KOTELETTAR
det ser ut som om fleire meiner at kotelettar passar godt saman med pinnekjøt. far min meiner at dette kan vera eit godt høve til å visa slektskapen med bestefar sin (kontreadmiral erik årsland, biletet over), og lurer på kor lang tid han treng på å skrapa saman like imponerande skjeggvekst. han har altså ikkje den mest progressive skjeggveksten i landet, så det er kanskje best å starta sparinga alt no?gløym ikkje å røysta på den førebels siste nasjonalpostkassekandidaten, sjølv om meldinga er trykt litt nedover på sida.
17.9.06
POSTKASSE #5
som venta var det ikkje mange som meinte at kystpostkassa sist sundag fortente tittelen noregs nasjonalpostkasse, og skåren vart difor låg. denne gongen har me henta fram eit meir agrart postkassemotiv - dei delikate sauene kjem best fram dersom de forstørrer biletet ved eit dobbeltklikk eller to. reglane er som før - de gjev 10000 poeng til postkasser de meiner kan passa som nasjonalpostkasse, og 1 poeng til postkasser som ikkje bør ta på seg dette vervet. det er ikkje for seint å røysta på postkasser som tidlegare har vore presenterte, men hugs at kvar person berre kan røysta tre gonger på kvar postkasse, og at poengsummane då må vera kvadratiske. dersom du røyster anonymt, kan du berre røysta to gonger på ei og same kasse.send gjerne inn bilete av postkasser som bør vera med i tevlinga.
stillinga så langt:
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #2: 2028,3
postkasse #4: 17
ny postkasse neste sundag, truleg seint på kvelden.
15.9.06
JON
13.9.06
JOL
det er sjølvsagt i tidlegaste laget å tenkja på jola (sjølv om tante K har gjort seg ferdig med jolegåveinnkjøpa for mange månader sidan). etter den kjedelege hendinga for to år sidan, då far min ikkje fekk vita at det skulle vera bartejol før vesle jolafta, slik at han måtte ut på svartebørsmarknaden for å skaffa seg ei anders hovden-bart, er det likevel naudsynt med ei tidleg avklaring. biletet over viser onkel A og onkel K på jolekvelden for to år sidan, fint pynta med bart og slipsfrie skjorter. i fjor var me på nordmøre, der tema for jola var jol og varme. no går turen sørover att, og bloggelesarane vert med dette oppmoda om å koma med innspel til høvelege tema. eit framlegg som har vore til lufting, er ei god gamal hentesveisjol. dette var jo vanleg i syttiåra, slik biletet under viser. kva trur de?
10.9.06
POSTKASSE #4
i kåringa av noregs nasjonalpostkasse er me no komne fram til postkasse nummer 4. denne er relativt meir marin enn dei føregåande, og vil nok difor truleg skåra ein del poeng frå dei som held til ved kysten. reglane er som før - de gjev postkassene poeng etter kor godt eigna dei er. skalaen går frå 10000 poeng (til dei grader godt eigna) til 1 poeng (helst lite eigna). kvar person kan røysta maks tre gonger på ei og same postkasse, men summane må då tilsvara omkrinsen. dei som røyster anonymt kan berre røysta to gonger på ei og same kasse. det er framleis fullt mogeleg å røysta på alle postkassene i kåringa.alle som vil kan framleis senda inn bilete av postkasser som kan høva i kåringa. så langt har det berre kome inn éitt bilete, som så langt har teke plass langt bak i køen.
stillinga så langt:
postkasse #3: 5009,5
postkasse #1: 4906,2
postkasse #2: 2028,3
ny postkasse neste sundag.
8.9.06
DYRSKU'N
heller ikkje i år vart det noko av turen til dyrsku'n i seljord. det er difor fint om andre som har vore innom der, eller har høyrt gode historier derfrå, kan dela alt dette med oss andre.
7.9.06
5.9.06
NOKAS
hadde endå nokas-advokatane hatt innsikt nok til å sprita opp avhøyra med spørsmåla alle vil ha svar på, kunne det vorte litt interessant. no får me aldri vita kva klengenamn david toska hadde på barneskulen - kalla dei han meisterhjernen alt då, eller gjekk dei for eit meir openbert? og kva er det tullet med at han eine stavar mellomnamnet sitt med ch - alrich?
3.9.06
POSTKASSE #3
postkassekåringa held fram. til orientering for nye lesarar har guffebloggen denne hausten teke mål av seg til å kåra nasjonalpostkassa, og denne gongen har me funne fram ei postkasse som verkeleg råkar sentralt i den norske folkesjela. de står fritt til å gje postkassene poeng, frå 1 (til dels ueigna til å vera nasjonalpostkasse) til 10000 (ekstremt godt eigna). det er ingenting i vegen for å røysta på tidlegare framviste postkasser, men hugs at ein og same person berre kan røysta tre gonger på same postkasse, og i slike tilfelle må røystesummane vera omvendt proporsjonale.
stillinga så langt:
postkasse #1: 4906,2
postkasse #2: 2028,3
1.9.06
STEG
31.8.06
HUNDAR
i går kveld hende noko aldeles uforståeleg. mor mi, som er den i familien med flest trivialitetar i minnet, skulle briljera med eit hundenamn på kvar bokstav i alfabetet. ho kom ikkje lenger enn f (alsassian, buhund, chin-chow, dachs, engelsk fårehund, fårehund) før ho gav opp. kan nokon hjelpa ho, eller finst det ikkje hundar på g? ho gjekk forresten på ein smell på h òg. far min godkjende framlegget "hund", men eg meinte at det vart for generelt. heller ikkje framlegget på l, langbein, kunne godkjennast, sidan det er ålment kjent at langbein er ein okse.resten av verda er travelt opptekne med andre storhendingar, som at west ham har kjøpt to argentinske spelarar frå vinnarlaget i fotball-vm i sommar, vivas og macchiato. dette lovar bra før fyrste runde i uefa-cupen.
27.8.06
POSTKASSE #2
ny sundag, ny postkasse. dei fleste hugsar vel at guffebloggen denne hausten skal kåra noregs nasjonalpostkasse, der lesarane kan gje postkassene poeng frå 1 (lite eigna til å vera nasjonalpostkasse) til 10000 (særs godt eigna). kåringa starta for ei veke sidan, og postkassekandidat nummer 1 har så langt eit snitt på 4718,5, noko som må seiast å vera bra. det er sjølvsagt ikkje for seint å gje poeng til den postkassa, sjølv om me i dag kan presentera postkasse nummer 2. kvar person kan gje poeng til ei og same postkasse maks tre gonger, og i slik tilfelle må poengsummane vera omvendt proporsjonale.
AHA
konserten var ei retteleg storhending. publikum møtte opp i hundrevis, men heldigvis hadde reiseleiaren funne ut at det var lurt å stilla seg i kø tre timar før portane vart opna. det fyrste orkesteret var nokre unge musikantar frå oslo, som ikkje utmerka seg på anna vis enn ved å ropa "har dere det bra?" tre gonger. einaste lyspunktet var skjorta til trommisen. deretter kom det ei trubadurinne frå romsdal, som tralla og song i minst to timar. aha kom på scenen like før midnatt, og spelte ein del svisker. på kvar song gjekk morten harket teatralsk opp i falsett, medan han dansa like grasiøst som eit trafikkskilt med stivkrampe. publikum var naturleg nok i ekstase, og stemninga steig endå meir då mor til john arne riise kom fram for å kora på "east of the west of the sun". midt i konserten spelte dei ti-tolv songar ingen hadde høyrt før, før dei tok til vitet og spelte den eine songen publikum hadde betalt for å høyra, "take on me". her vart det sett ny sunnmørsk rekord i kor mange personar som samstundes nesten kom opp på den lysaste tonen i refrenget.
etter konserten kom arrangementsansvarleg opp på scenen for å gje alle musikantane eit bokmerke med bilete av edvard hoem.







